Stiftinga Idrettsfond            Sogn og Fjordane

Oppretta 21.11.2019 av Sogn og Fjordane Idrettskrins

Utlysing 2026

Søknadsfrist 01.05.2026

Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane vil i 2026 dele ut idrettsstipend og støtte til tiltak for barn/ungdom og paraidrett.

SØKNADSSKJEMA KLIKK HER

Det er særkrinsar/regionar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samt unge utøvarar (16-19 år), som representerer idrettslag i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund, som kan søke på midlane.

Det er tre kategoriar ein kan søkje på (trykk på dei enkelte kategoriane for meir info):

· Stipend til unge idrettsutøvarar 16-19 år

· Støtteordning til barne- og ungdomsidrett

· Støtteordning til paraidrett

Vedtak om tildeling av midlane og annonsering av tildelte midlar vert gjort innan 15. juni 2026.

Stiftinga får ikkje tilført midlar utover det som vart tilført ved oppstart av Stiftinga i 2019. Stiftinga vert avvikla når eigenkapitalen er brukt opp. Stiftinga har tildelt om lag kroner 500 000 til unge utøvarar, tiltak innanfor barne- og ungdomsidrett og paraidrett årleg sidan 2020. Stiftinga vil tildele midlar i åra 2026 og 2027.

Eventuelle spørsmål rettast til Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane på epost: soknad@idrettsfondsf.no, eventuelt telefon til leiar av Stiftinga, Cecilie Thaule Løvlid, tlf. 91848804.

Rapportering

Frist for rapportering tildelingsår 2025 er 15.04.26 - Trykk her for rapporteringsskjema