Om oss

På Sogn og Fjordane idrettskrins sitt ekstraordinære idrettskrinsting 09.11.19 blei det vedteke å slå seg saman med Hordaland Idrettskrets til Vestland idrettskrets frå 01.01.20. Det blei òg vedteke at Sogn og Fjordane Idrettskrins og Hordaland Idrettskrets skulle gå inn med lik eigenkapital.

Sogn og Fjordane Idrettskrins hadde høgare eigenkapital enn Hordaland Idrettskrets pr. 31.12.19.

Det blei vidare vedteke at det skulle opprettast ei stifting som skal forvalte dei overskytande midlane.

Stiftinga "Idrettsfond Sogn og Fjordane" vart stifta 21.11.19 av styret i Sogn og Fjordane Idrettskrins.

Stiftinga blei tilført totalt kr. 4.430.407,- i kapital.