Stipend til unge idrettsutøvarar
Søknadsfrist 01.05.2024
Føremål:
Stimulere og hjelpe unge, aktive idrettsutøvarar i aldersgruppa 16-19 år til å søkje utvikling og framgang i sin idrett.
Søkjar:
Utøvar søkjer sjølv om stipendet. Utøvar må representere idrettslag i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund. Utøvar kan søke frå og med det året ein fyller 16 år, og til og med det året ein fyller 19 år. Utøvar kan søkje om stipend kvart år.
Søknaden skjer via fastsett søknadsskjema
og må innehalde:
- Faktaopplysningar om søkar
(namn, f.dato, adresse, idrettslag etc.)
- Informasjon om utøvar sine
prestasjonar
- Informasjon om utøvar sine
mål og ambisjonsnivå med utviklingsplan
- Utøvaren må leggje ved
dokumentasjon på at ein har gjennomført siste versjon av
Antidoping Norge sin e-læringsmodul
«Ren utøver». Link trykk her.
Tildeling:
Stipendet kan tildelast idrettsutøvarar som representerer idrettslag i regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund.
- For å bli vurdert for tildeling må utøvar halde høgt nasjonalt og/eller regionalt nivå innafor sin idrett.
- Stipendet kan tildelast aktive utøvarar både i lagidrett og i individuell idrett.
- Stipendsum pr utøvar er kr. 10.000,-.
Bruksområde:
Idrettsutøvarane som får stipendet står fritt med omsyn til bruken på område utøvarane meiner kan gje idrettsleg framgang i samråd med sine trenarar, leiarar og føresette.