Vi gleder oss til å høre fra deg

TA KONTAKT MED OSS

Idrettsfond Sogn og Fjordane

Postboks 221, 6802 Førde

(+47) 918 48 804

soknad@idrettsfondsf.no


Ofte stilte spørsmål

Eg er 15 år, men konkurrerer i 16-års klassa. Kan eg søke på stipend då? 

Svar: Utøvar kan søke frå og med det året ein fyller 16 år og til og med det året ein fyller 19 år. Det er fødselsår, og ikkje kva klasse ein konkurrerer i som avgjer. For søknadsåret 2020, vil det vere utøvarar som er født i åra 2004, 2003, 2002 og 2001 som har søknadsrett. Søkarar som ikkje fyller alderskriteria, vil ikkje få søknaden behandla.

Korleis veit ein kva idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund? 

Svar: Utøvar må drive ein idrett som er tilslutta Norges Idrettsforbund gjennom eit særforbund. Alle særforbunda som er tilslutta Norges Idrettsforbund finn ein her: https://www.idrettsforbundet.no/sarforbund/  

Er du usikker på om idretten eller greina du driv innanfor idretten er tilslutta Idrettsforbundet, kan du ta kontakt med Vestland idrettskrets så kan vi hjelpe deg vidare. Kontaktinformasjon til idrettskretsen finn du her: https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland/om-idrettskretsen/kontakt-oss/ 

Døme: Fotball er tilslutta gjennom Norges Fotballforbund. Kjøring er ei av greinene i ryttersporten, og tilslutta gjennom Norges Rytterforbund. I klatring er dei tre greinene "ledklatring", "buldring" og "speedklatring" organisert i og tilslutta gjennom Norges Klatreforbund. Motsatt er til dømes kettlebell ein idrett som ikkje er tilslutta Idrettsforbundet gjennom noko særforbund.

Kvifor må utøvar gjennomføre Ren Utøver-opplæringa?

Svar: Opplæring og informasjon er ein viktig grunnpilar i antidopingarbeidet. Ren Utøver er eit e-læringsprogram for idrettsutøvarar, trenarar, leiarar, og deira støtteapparat. Ren Utøver er bygd opp kring sju utvalde område innanfor antidopingarbeidet. Når ein har gjennomført alle modulane, vil det bli registrert og ein vil motta ein diplom på epost. Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane ønskjer å bidra til opplæring og informasjon for unge utøvarar om antidopingarbeidet, og har difor sett gjennomført opplæring som eit krav for stipendordninga for å kunne søke og motta midlar frå Stiftinga. Link til opplæringa finn ein her: https://renutover.no/ 

Det står at tiltaket må samsvare med Norges Idrettsforbund sine visjonar, verdiar, normer og retningslinjer. Kvar finn ein desse? 

Svar: Visjon og verdiar finn ein på denne linken.  Regelverk og lovnormene på denne linken, og retningslinjene her.

Idrettslaget planlegger å kjøpe inn ein del utstyr som skal brukast på trening i regi av idrettslaget. Kan vi søke på å få utgifter til utstyr dekka? 

Svar: Jf. Kriterium for søknadsordningane barne- og ungdomstiltak og paraidrett, vert det ikkje gjeve støtte til anlegg eller utstyr. For utgifter til utstyr, kan idrettslaget mogleg søke på spelemidlar til utstyr via NIF. Du kan lese om ordninga her: https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/stotteordninger/ 

Har de døme på prosjekt som kan få støtte? 

Svar: Sogn og Fjordane idrettskrins lyste ut midlar innanfor dei same kategoriane hausten 2019. Innanfor paraidrett var det til dømes gjeve støtte til å utvikle treningstilbod, tilby instruktørane kursing, og ha treningssamlingar for menneske med funksjonsnedsetjingar. Innanfor barne- og ungdomsidrett var det i 2019 til dømes gjeve støtte til tiltak for å redusere økonomiske barrierar for deltaking, støtte til å dekke trenarutdanning, samt arrangement som ein ønska å tilby gratis/til låg deltakaravgift og som var ope for alle (inkludere, få fleire med). Føremålet for tiltak i barne- og ungdomsidrett er å støtte lokale tiltak for barn og ungdom 6-19 år, som har til hensikt å rekruttere nye aktive og fremje at fleire er med lenger. Føremålet for ordninga paraidrett er å stimulere til nye tiltak og utvikling av eksisterande tiltak.

Kvifor er det berre organisasjonsledd innanfor idretten i område Sogn og Fjordane som kan søke?

Svar: Då Sogn og Fjordane idrettskrins og Hordaland idrettskrets vart slått saman til Vestland idrettskrets frå 1.1.20, vart det vedteke at dei to idrettskretsane skulle gå inn med lik eigenkapital. Sogn og Fjordane idrettskrins hadde høgare eigenkapital enn Hordaland idrettskrets per 31.12.19, og på det ekstraordinære idrettskrinstinget til Sogn og Fjordane idrettskrins i 2019, vart det vedteke å opprette ei Stifting som skulle forvalte dei overskytande midlane. I vedtaket står det òg at føremålet med Stiftinga er å dele ut midlar til utøvarar og prosjekt blant medlemmar av underliggande organisasjonsledd i regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.