Ofte stilte spørsmål
Eg er 15 år, men konkurrerer i 16-års klassa. Kan eg søke på stipend då?
Svar: Utøvar kan søke frå og med det året ein fyller 16 år og til og med det året ein fyller 19 år. Det er fødselsår, og ikkje kva klasse ein konkurrerer i som avgjer. For søknadsåret 2022, vil det vere utøvarar som er født i åra 2006, 2005, 2004 og 2003 som har søknadsrett. Søkarar som ikkje fyller alderskriteria, vil ikkje få søknaden behandla.
Korleis veit ein kva idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund?
Svar: Utøvar må drive ein idrett som er tilslutta Norges Idrettsforbund gjennom eit særforbund. Alle særforbunda som er tilslutta Norges Idrettsforbund finn ein her: https://www.idrettsforbundet.no/sarforbund/
Er du usikker på om idretten eller greina du driv innanfor idretten er tilslutta Idrettsforbundet, kan du ta kontakt med Vestland idrettskrets så kan vi hjelpe deg vidare. Kontaktinformasjon til idrettskretsen finn du her: https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland/om-idrettskretsen/kontakt-oss/
Kvifor må utøvar gjennomføre Ren Utøver-opplæringa?
Svar: Opplæring og informasjon er ein viktig grunnpilar i antidopingarbeidet. Ren Utøver er eit e-læringsprogram for idrettsutøvarar, trenarar, leiarar, og deira støtteapparat. Ren Utøver er bygd opp kring sju utvalde område innanfor antidopingarbeidet. Når ein har gjennomført alle modulane, vil det bli registrert og ein vil motta ein diplom på epost. Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane ønskjer å bidra til opplæring og informasjon for unge utøvarar om antidopingarbeidet, og har difor sett gjennomført opplæring som eit krav for stipendordninga for å kunne søke og motta midlar frå Stiftinga. Link til opplæringa finn ein her: https://renutover.no/
Det står at tiltaket må samsvare med Norges Idrettsforbund sine visjonar, verdiar, normer og retningslinjer. Kvar finn ein desse?
Svar: Visjon og verdiar finn ein på denne linken. Regelverk og lovnormene på denne linken, og retningslinjene her.
Idrettslaget planlegger å kjøpe inn ein del utstyr som skal brukast på trening i regi av idrettslaget. Kan vi søke på å få utgifter til utstyr dekka?
Svar: Utstyr kan vurderast dersom det er nødvendig for å gjennomføre tiltaket det vert søkt støtte til.
For utgifter til utstyr, kan idrettslaget og søke på spelemidlar til utstyr via NIF. Du kan lese om ordninga her: https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/stotteordninger/
Kvifor er det berre organisasjonsledd innanfor idretten i område Sogn og Fjordane som kan søke?
Svar: Då Sogn og Fjordane idrettskrins og Hordaland idrettskrets vart slått saman til Vestland idrettskrets frå 1.1.20, vart det vedteke at dei to idrettskretsane skulle gå inn med lik eigenkapital. Sogn og Fjordane idrettskrins hadde høgare eigenkapital enn Hordaland idrettskrets per 31.12.19, og på det ekstraordinære idrettskrinstinget til Sogn og Fjordane idrettskrins i 2019, vart det vedteke å opprette ei Stifting som skulle forvalte dei overskytande midlane. I vedtaket står det òg at føremålet med Stiftinga er å dele ut midlar til utøvarar og prosjekt blant medlemmar av underliggande organisasjonsledd i regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.