Støtteordning paraidrett

Søknadsfrist: 01.05.2024

Paraidrett er idrett for menneske med funksjonsnedsetting (bevegelseshemming, hørselshemming, synshemming og utviklingshemming).

Føremål:

Stimulere til nye tiltak på paraidrettsområdet og utvikling av eksisterande tiltak.

Søkjar:

Desse organisasjonsledda kan søke: 

  • Særkrinsar/regionar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund.
  • I tillegg kan enkeltutøvarar innan paraidrett søke om støtte til si satsing. 

Søknaden må innehalde:

  • Faktaopplysningar om søkjar
  • Informasjon om tiltaket eller utøvaren det vert søkt støtte til
  • Informasjon om mål med tiltaket og plan for evaluering
  • Søknadsbeløp
  • Budsjett

Tildeling:

  • Stønad til tildelast til ein eller fleire søkjarar forutsett at tiltaket er samsvarar med og er innafor Norges idrettsforbund sin visjon, verdiar, normer og retningslinjer.
  • Same prosjekt kan få støtte inntil tre år, men må søke kvart år for ny vurdering
  • Det vert ikkje gjeve støtte til anlegg

SØKNADSSKJEMA KLIKK HER


Rapportering

For søkjarar som mottek midlar i støtteordning for paraidrett er det krav om rapportering som stadfestar at tiltaket er gjennomført og at ein har brukt midlane som skildra i søknaden.

Enkelt rapport sendast stiftinga når tiltaket er gjennomført eller seinast 15. april påfølgjande år (delrapport/statusrapport dersom tiltaket strekker seg over lengre tid).

Dersom slik dokumentasjon ikkje vert sendt innan fristen eller at heile eller deler av midlane ikkje er nytta, skal midlane betalast tilbake innan 31. desember påfølgjande år.