Støtteordning til barne- og ungdomsidrett
Søknadfrist: 01.05.2026
Føremål:
Stimulere til lokale tiltak for barn og ungdom til og med 19 år, som har til hensikt og rekruttere nye aktive og fremje at fleire er aktive lenger ved å hindre fråfall.
Stiftinga prioriterer søknadar som har tiltak eller prosjekt som går på å få med fleire ungdom og hindre fråfall i ungdomsidretten.
Søkjar:
Desse organisasjonsledda kan søke:
- Særkrinsar/regionar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund.
Søknaden må innehalde:
-
- Faktaopplysningar om søkjar
- - Informasjon om tiltaket
- - Informasjon om mål med tiltaket og plan for evaluering
- - Søknadsbeløp
- - Budsjett
Tildeling:
- Stønad kan tildelast ein eller fleire søkjarar forutsett at tiltaket samsvarar med og er innafor Norges idrettsforbund sin visjon, verdiar, normer og retningslinjer.
Det er ikkje fastsett ein øvre/nedre tildelingsum per stønadsmottakar, men årleg total ramme for tildeling er kr 300 000,-
- Støtte kan gjevast til både nye tiltak og utvikling av eksisterande tiltak.
- Same prosjekt kan få støtte inntil tre år, men må rapportere og søke kvart år for ny vurdering
- Enkeltståande arrangement eller hendingar vert ikkje prioritert
- Det
vert ikkje gjeve støtte til anlegg. Utstyr kan vurderast dersom det er nødvendig for gjennomføring av tiltaket.
- Tildelte midlar skal ikkje gå til drift/administrasjon
Rapportering
For søkjarar som mottek midlar i støtteordning for barne- og ungdomsidrett er det krav om rapportering som stadfestar at tiltaket er gjennomført og at ein har brukt midlane som skildra i søknaden.
Enkelt rapport sendast stiftinga når tiltaket er gjennomført eller seinast 15. april påfølgjande år (delrapport/statusrapport dersom tiltaket strekker seg over lengre tid).
Dersom slik dokumentasjon ikkje vert sendt innan fristen eller at heile eller deler av midlane ikkje er nytta, skal midlane betalast tilbake innan 31. desember påfølgjande år.
